-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Er du kjent med bålforbodet?
I Noreg er det eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå Stryn kommune.Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det kan til dømes vere dersom det er snø på bakken, eller at det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand fra skog og vegetasjon, og på tilrettelagte grill- og bålplassar som er godkjent av kommunen. Det er viktig å allid sjekke kva reglar som gjeld for den kommunen du er i:
I Stryn kommune er det lov med:
- Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
- Brenning av avfallstrevirke, med unntak av rivingsavfall og impregnert og måla trevirke
- Brenning av Jonsokbål og Olsokbål
- Ranke- og flatebrenning i landbruket i god avstand til tettbygde strok
- Kulturarrangement med vardebrenning eller liknande
- Brenning av tørt hageavfall i god avstand til tettbygde strok
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.