-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Engasjement og innspel til frivillegpolitikk på Visnes!
Det var brei deltaking frå både ulike bygdelag og ulike organisasjonar på frivillegmøte i låven på Visnes torsdag.Det frivillege arbeidet som vert gjort i alle bygder og alle kommunar kvar dag skapar enorme verdiar i Noreg. Skaparkrafta er stor, og kvar einaste aktivitet og arrangement som det frivillege syt for, er med på å skape samhald, inkludering og integrering, i heile spennet av befolkninga- for alle etnisitetar, aldrar og kjønn!
Alle lag og foreningar har ein enorm kompetanse som i liten grad er etterspurt. Lag og organisasjonar driv mange aktivitetar som kan vere attraktive for ei breiare målgruppe, også dei sårbare og dei som fell utanfor.
Noreg er unik i ein global målestokk på den frivillege innsatsen- i snitt er kvar nordmann med i 1,9 organisasjonar. Dessverre har corona-pandemien bidrege til fråfall i det frivillege, og rekrutteringa er vanskeleg for mange lag og organisasjonar.
Difor er det viktigare enn nokon gong at kommunen skapar føreseielege råmer og tilhøve for dei frivillege laga i Stryn kommune, og det var dette innspelsrunden på Visnes handla om: Kva utfordringar har lag og organisasjonar? Kva ressursar har dei? Og korleis kan vi løyse både lag og organisasjonar sine behov, men også samfunnsutfordringane vi allerede har, og kan vente oss framover? Forsking viser at det er signifikante funn for at dei kommunane som har utvikla ein eigen frivillegpolitikk har betre samspel mellom kommune og frivilleg sektor. Innspela er no sendt inn til Frivilleghet Norge som skal lage ein rapport av alle innspela, og denne skal bidra til å utforme det politiske dokumentet som skal forankrast i kommunen.
Det var fleire frivillege og ildsjeler som ofra ein heit sommardag for å møte Stryn kommune, Stryn frivillegsentral og Bjørn Lindstad i Frivilleghet Norge. Det var eit nydeleg vertsskap av Visnes Hotel, med vafler, kaffi og Loen eplejuice. Tusen takk til alle som bidrog med sin kompetanse og kunnskap frå bygder, lag og organisasjonar!
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.