-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
Bli med på søknadsskrivingskurs!
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og alle typar allmennyttige tiltak kan bli tildelt gåvemidlar. Våre søknadsfristar for ordinære gåver er 1. mars og 1. september kvart år.I framkant av søknadsfristen 1. mars 2024 inviterer Sparebankstiftinga til kurs i søknadsskriving.
Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå Sparebankstiftinga eller andre tilskotsordningar.
I tillegg vert det høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid kursdagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel knytt til gåvesøknader. Nedanfor finn du informasjon om kursa og korleis du avtalar møtetid.
KURSPLAN
Onsdag 24. januar 2024 – Stryn
Stryn, Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale.
Kl. 18.00-20.00
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.