-
Gratulere med dagen- 8mai!
Idag hedra vi friheita, og alle dei som har gjort ein innsats, nasjonalt og internasjonalt, for å skape fred og tryggleik.
9,3 millionar til trafikktrygging
Kvart år kan kommunar søke om midlar til fysiske trafikktryggingstiltak. I år kom det inn 69 søknadar frå 29 av 43 kommunar i Vestland fylkeskommune. Søknadssummen er på om lag 29 millionar kroner. Tilskotsramma er på 9,3 millionar kroner.Totalt vart det gjort framlegg om at 22 søknader får tilskot, og til 21 ulike kommunar. Tildelingssummen er frå 18 500 til 1 mill. kr.
Til samanlikning var det i 2021 53 søknader frå 27 kommunar, med ein søknadssum på om lag 20 mill. kr., og med ei ramme på 10,6 mill. kr. I 2022 var det 71 søknadar frå 27 kommunar, med ein søknadssum på om lag 29 mill. kr, og med ei ramme på 15, 2 millionar kroner.
For å sjå kven som fekk pengar til trafikktryggingstiltak, sjå her
Del på:
-
Snart kjem Stikk Ut! til Stryn!
Gled deg til ny Stikk Ut!- sesong 1.mai til 31. oktober, SNART også i Stryn kommune!
-
Vårryddeaksjon 22.-28. april
Stryn kommune inviterar til ryddeaksjon i veke 17. Bli med å halde bygda fri for søppel!
-
Kan du reglane for bålbrenning?
I Noreg er det eit generelt bålforbud fra 15. april til 15. september kvart år
-
Hugs bandtvang frå 1.april
Det er lovbestemt at det skal vere bandtvang frå 1. april til 20.august, men med nokre unntak.